Då Ulstein kommunestyre på møtet 8. februar vedtok reguleringane av skjenkjeløyvet til Ulstein Quality Hotel, kom dei fram til at hotellet ikkje skulle få skjenke brennevin utandørs. Framlegg vart røysta ned mot ni røyster. Mindretalet var dei fire representantane til Framstegspartiet, ordførar Hannelore Måseide og tre andre frå Arbeidarpartiet og ein frå Høgre. Knapt to veker seinare, 20. februar, søkjer hotelldirektør Odd Petter Meinseth på ny om løyve til å skjenke brennevin på uteområdet til hotellet. Heilt topp! Det skulle berre mangle. Frp meiner Ulstein treng eit skikkeleg uteområde med alle rettar, òg brennevin. Eg greier ikkje sjå skilnaden på løyve til øl, vin og sprit. Det er flott om folk kan få nyte ein longdrink på terrassen, til dømes, meiner Engh. Han kan ikkje forstå kva fleirtalet av politikarane er så uroa for. Engh trur at det handlar meir om symbol enn noko anna. Fleirtalet vil syne at dei vil halde igjen, utan å sjå konsekvensane. Kvifor er det så viktig at hotellet får servere brennevin utandørs? Det er eit tilbod til kundar og bygdefolk. Alkohol er ei lovleg vare. Har dei fått løyve til å skjenke innandørs bør dei òg få løyve til å skjenke det utandørs. Dette håpar eg no får fleirtal Eg reknar med at me får med Arbeidarpartiet og Høgre denne gongen, svarer Engh. Men er det ikkje ei trenering av tidlegare vedtak i kommunestyret å søkje på ny? Nei, det bør vere lov å prøve seg. Ein del tek omkamp om dei taper ei sak, det må vere lov. Men om ein taper andre gongen bør ein kanskje leggje ballen daud ei stund. Det at hotelldirektøren søkjer på ny gjer at dette ser ut til å vere ei viktig sak for hotellet og gjestene deira, meiner Engh. Blir det ein meir liberal politikk i kommunen når det gjeld skjenkesaker om du blir ordførar? Det trur eg garantert. Framstegspartiet har vore veldig positive i alle skjenkesaker. På andre sida er me opptekne av skjenkekontrollar, seier Engh. Det interkommunale rusprosjektet som Ulstein er med i har foreslått ei ordning med prikkbelastning. Knut Erik Engh håpar denne ordninga snart kjem, for ho trur han vil gjere det lettare å handsame skjenkestadene likt. Synest du ikkje det er godt nok tilgjenge av alkohol i Ulstein? Det er eit argument som har vore brukt mange gonger. Då Ulstein skulle få seg Vinmonopol vart det framstilt som ei krise. Men det me ser er at forbruket har dreidd seg frå sterkare saker over til vin. Det er her snakk om lovlege vare. Då må det òg vere lov å omsetje varene. Vil ikkje innføringa av skjenkeløyve for brennevin føre til fleire freistingar, som igjen fører til auka bruk av alkohol? Det vil alltids vere nokon som får problem, med det er uansett eit fåtal. Desse ville nok uansett bli ført i freistinga. Men Frp vil òg arbeide med å styrke avrusingsarbeidet, seier Engh. Han har sett at ordføraren har uttalt at Arbeidarpartiet og Framstegspartiet lokalt er samde i at Ulstein hotell står i ei særstilling når det gjeld skjenkeløyve. Dette vil han sterkt avvise. Framstegspartiet er ikkje for å favorisere nokon. Får hotellet løyve til å servere brennevin utandørs, meiner han det berre er rett og rimeleg at andre utestader òg får lov til det. Dagens ordning med ølmonopol fungerer ikkje. Det fører berre til handelslekkasje. Difor er Frp for å opne for at butikkane skal få selje øl, avrundar ordførarkandidaten.

Frp-ordførarkandidat Knut Erik Engh synest utestadene i Ulsteinvik bør få løyve til å servere brennevin utandørs. (arkivfoto)