Stenginga vil kunne gi kommunen ei innsparing på 100.000,- kroner i 2010, noko som kjem godt med i det innsparingsopplegget som kommunen har lagt i veg på.

Stengingsframlegget kjem opp i levekårsutvalet i Hareid tysdag 19. oktober.

I eit notat frå områdeleiar for kommunale bygg, Øyvind Amdam, blir det foreslege å gjenopne bassenget i periodar om våren med "mildare vêr og billegare straum". Ein aktuell periode kan vere frå påske og ut skuleåret - slik at skuleelevane får naudsynt symjeundervisning, meiner han.

Kommunen kan stenge symjehallen umiddelbart sidan oppseiingstida for badevakttenestene gjennom Akvanaut undervassklubb har gått ut i desse dagar.