Der ser ikkje ut i passasjen ved Nav i Ulsteinvik. To papirdunkar brann opp, det brann hol i taket og ei vindaugsrute sprakk.

Ein gjeng som stod og venta på drosje i halvsju-tida sundagsmorgonen høyrde det knitra i passasjen mellom legesenteret og Nav. Dei gjekk bortover og såg at det brann i noko. Dei trudde det brann i noko i lag med ein papirdunk av plast, inn mot ein vegg.

Det dei trudde var ein haugs om brann, var ein papirdunk som nesten hadde brent opp. Det var såleis fyr i to papirdunkar.

Gjengen som venta på drosje fekk varsla politiet og brannvesen. Drosjesjåføren kom berre nokre minutt seinare. Han fekk henta brannsløkkingsapparat og byrja sløkkinga.

Like etter kom den første brannbilen. Vitne seier at brannen var stor, det måtte brannsløkkingskurs til for å få sløkt brannen. Flammane var store og nådde opp i taket.

Påtent

Politibetjent Alf Einar Sandvik stadfestar til Vikebladet Vestposten at brannen var påsett. Men dei har ikkje opplysningar om kven det kan vere. Om nokon sit på opplysningar, ber han dei kontakte politiet.

Det er ikkje første gong det er brann i dette området.

– Ikkje oppbevar papirdunkar slik

Politibetjent Sandvik vil oppmoda folk om å ikkje oppbevare papirdunkar på ein slik måte at forbipasserande kan setje fyr på dei og at dei då vil gjere stor skade. Om nokon vil setje fyr på noko, gjer dei det først i slikt som er lett tilgjengeleg og lett tek fyr. Såleis er det på landsplan relativt vanleg å setje fyr på papirdunkar. Difor har folk blitt flinkare til å setje desse innandørs eller ikkje inntil husveggen.

Sandvik spår at brannen vart påsett ein gong mellom seks og halv sju sundagsmorgonen. Sjølv om den eine papirdunken praktisk tala hadde brunne opp då brannen vart oppdaga, seier han at slikt brenn fort.

Store skadar

Brannen sette tydelege merke etter seg. I tillegg til at to store papirdunkar brann opp, brann det hol i taket, apoteket vart fylt av røyk, det var skade på veggen dunkane stod ved og glaset i eit vindauge sprakk.

Etter denne episoden står papirdunkane til bygget innandørs.