Den største skattevinnaren på Søre Sunnmøre - prosentvis - er altså den minste kommunen, Sande. I Sande vart det betalt inn 26,5 mill. kroner i skatt i januar. Det er 19,0 prosent meir enn i same månad ifjor. Den prosentvise auken i dei seks andre kommunane på Søre Sunnmøre var slik: Hareid + 18,7 prosent Herøy + 15,4 prosent Ulstein + 13,5 prosent Ørsta + 13,5 prosent Vanylven + 8,1 prosent Volda + 5,5 prosent Gjennomsnittleg voks skatteinngangen i Møre og Romsdal med 12,0 prosent i januar 2007, samanlikna med januar 2006. Men på landsplan var den gjennomsnittlege auken berre 6,6 prosent, går det fram av ferske tal frå Statistisk Sentralbyrå.