Runde Miljøsenter Foto: Leiv Arne Grimstad

Den offisielle opninga skjer kl. 13.30 ved fylkesvaraordførar Svein Atle Roseth.

Før opninga blir det seminar om havenergi og kva kompetansesenteret skal jobbe med.

Mellom anna skal senteret gi informasjon om fagfeltet energi frå havet til alle som ønskjer det, både politikarar, industri, skuleelevar, forskarar og publikum generelt.

Det er også eit mål å bli eit internasjonalt kompetansesenter for produsentar av bølgjekraftverk, som på Runde får testa anlegga sine i eit tøft miljø som verkeleg set dei på prøve.

Professor Johannes Falnes er ein av landets fremste ekspertar på bølgjekraft, og han vil halde foredrag både om utviklinga så langt, og om potensialet som finst i energien i havet.