Opplysningane kom fram etter eit spørsmål frå Venstre-representanten Ole Frank Bakken (V), som ville vite om Hareid hadde gitt signal om prosjekt det var ønskeleg å kome i gang med - no når regjeringa ville prøve å motvirke ei stigande arbeidsløyse på bygg- og anleggssektoren. Ordførar Hans Gisle Holstad (AP) svara at kommunen - etter førespurnad - hadde respondert med ei liste over tiltak ein kunne setje i gang ved bruk av eventuelle "tiltakspakkar". Gjennom Kommunenes Sentralforbund hadde Hareid også gitt signal om at styresmaktene sine tilskot ikkje måtte vere av eit slikt slag at dei låst kommunen sin økonomi i åra framover. Hareid sine "antydningar" på bruk av tilskotspakkar gjekk i følgje ordføraren på følgjande: - Rundkøyring på riksveg 61 på Holstad (kommunen sin del i dette). - Trafikktryggingstiltak. - Vegar/gater - gangvegar. - Utbygging av areal for næring og bustadar. Estimert behov: 25 mill. kroenr. I tillegg har Hareid estimert eit behov på 5 millionar kroner til vedlikehald av kommunale bygg og vegar.