I følgje Sosial- og helsedirektoratet skal alle kommunar ha eit tilfredsstillande tilbod om råd og rettleiing til personar med økonomiske problem. Dette er eit viktig hjelpetiltak dersom ein hamnar i ei gjeldskrise og det kan førebyggje økonomiske problem dersom ein plutseleg vert arbeidsledig. Kommunen har plikt til å formidle kontakt med rette instans når dei sjølv ikkje har kompetanse til å hjelpe.

Samarbeid

På Søre Sunnmøre inngjekk dei tre kommunane Hareid, Herøy og Sande eit interkommunalt gjeldsrådgivingsprosjekt i 2004. Vanylven gjekk inn i prosjektet i 2006. Hovudkontoret ligg på Hareid, og både bankar og kommunar kan vise personar dit. Gjeldsrådgivar for det interkommunale gjeldsrådgivingsprosjektet er Toril Eidsvik Nygård. Ho har base på Hareid rådhus, men skal kunne tilby kontortid i Herøy og Sande ved behov. Dette er eit gratis og frivillig tilbod, der brukarane må vere innstilte på å delta aktivt, seier Ingunn Rise ved Hareid kommune, og legg til at samarbeidet mellom kommunane har gått bra. Prosjektet er har fått prosjektmidlar av både Møre og Romsdal fylke og Sosial- og helsedirektoratet. I 2008 er prøveperioden på tre år over, og kommunane må sjølv lønne stillinga. Det interkommunale samarbeidet har blitt evaluert av Sosial- og helsedirektoratet, og dei meiner det er eit nytenkjande og bra tiltak.

Vellykka

Rise er ikkje i tvil om at prosjektet har vore vellukka. Gjennom å ha ei fast stilling knytt til gjeldsrådgiving lærer rågivaren aktørane å kjenne, og får god kompetanse på feltet, meiner ho. Rise kan fortelje at prosjektet har hatt god oppslutning, og ho meiner det er viktig å vidareføre det når prosjektmidlane tek slutt. Både Hareid og Herøy har bestemt seg for å vidareføre ordninga som eit spleiselag mellom kommunane, og dei avventar svar frå Sande og Vanylven. Vidareføringa av det interkommunale samarbeidet er endå på drøftingsstadiet, men på sikt trur Rise det er mogleg å knytte til seg fleire kommunar på Sunnmøre, og kanskje opne for å lønne fleire slike stillingar. Ho har fått inntrykk av at mellom anna Ulstein kommune vil ta del i samarbeidet.

Ulstein vil vere med

I Ulstein er den forplikta gjeldsrådgivinga lagt til sosialetaten. Christine Øvrelid ved Ulstein kommune stadfestar at dei jobbar aktivt for å få vere med i det interkommunale prosjektet. Vi har sett på dei erfaringane som forsøkskommunane har gjort seg, og kva tilbakemeldingar dei har kome med. Så langt ser det lovande ut, seier ho. Kommunen har hatt ein dialog på temaet, men før det blir aktuelt å ta del i prosjektet må saka handsamast politisk. Øvrelid håpar dette skjer snart, og at Ulstein er med frå 2008.