Turid og Hallstein Yksnøy som bur på Eika har ikkje kunne brukt vegen sidan 1. juledag, på grunn av det store snøfallet. Vegen er klassifisert som turveg og ikkje underlagt vintervedlikehald frå kommunen. Kommune gjorde likevel eit forsøk på å brøyte vegen førre veke, utan å lukkast. Men no melder Sunnmørsposten om at kommune tysdag sette i gang med å frese vekk snøen frå den 2,5 kilometer lange vegen. Vegen er ikkje køyrbar for bil, men dei kan kome seg fram på ATV.