Renathe Rossi-Kaldhol er nestleiar i Ulstein Arbeidarparti. Silja Øvrelid er leiar i Hareidlandet AUF. Rossi-Kaldhol er valt inn for sin andre periode i kvinnenettverket, Øvrelid er ny og skal representere AUF.

Hareidlandet er med andre ord godt representert i eit arbeid som skal gjelde for heile fylket. Styringsgruppa er pådrivarar for skulering av kvinner, og for å setje kvinnepolitiske spørsmål på kartet.