Herøyværingen Aage Remøy eig mest på Ytre Søre Sunnmøre. Foto: Anne Gry Eilertsen

SKATTELISTENE FOR 2009: Det generelle inntrykket av skatteoppgjeret 2009 i dei fire kommunane Hareid, Ulstein, Herøy og Sande er at Herøy og Ulstein held posisjonen som rikmannskommunane.

Dei to kommunane har om lag den same inntektsprofilen, men når det gjeld formuer er det fleire veldig store formuer i Herøy (4 stk. over 200 mill.), medan Ulstein har fleire formuer enn Herøy i sjiktet 50 mill. og oppover (11 mot 8).

Herøy tek det igjen lenger nede på formueslista med 31 formuer over 20 mill. medan tilsvarande tal i Ulstein er “berre” 21. Til samanlikning har Hareid og Sande 4 og 3 formuer over 20 mill.

Herøy har alle dei tre pall-plasseringane i regionen når det gjeld formue: 1) Aage Remøy - 2) Hege Sævik Rabben - 3) Njål Sævik.

Høgast inntekt i regionen hadde derimot Stian Garnes på Hareid med vel 4,9 mill. På sølvplass kom Severin Gjerde, Ulstein - medan Odd Breyholtz, Ulstein tek inntektsbronsen.

For alle desse tre (og mange andre) kjem den høge inntekta som ein konsekvens av aksjesal. Stian Garnes har selt DIMO-aksjar, medan Gjerde og Breyholtz har selt Sunnmøre Elektro-aksjar.