La det vere sagt at konserten hadde mange, mange høgdepunkt og vart ei stadfesting av at Sirene har tenkt å halde fram i det nye året som dei gjorde i fjor. Konserten hadde samla om lag hundre tilhøyrarar i det dirigent Torgeir Hauge omtala som "gnalljefrost", vel og merke utomhyses. Men inne var det varmt og godt å vere, ikkje minst fordi kor og solistar gav sitt beste av eit juleprogram som dei syntest å kjenne ut og inn - og som dei også hadde framført to gonger før jul. Konserten baud på 15 nummer, i tillegg til ein allsong. Vi kjem tilbake med nærare konsertomtale i papirutgåva tysdag.