Det første blir halde i Vanylven (Åheim) av Vanylven Blandakor 5.-6. juni. Det andre går av stabelen i Ålesund helga etter med Sangens fellesutvalg som arrangør. Elles i Møre og Romsdal blir det halde berre eitt songarstemne til. Det blir halde i Bud i Romsdal 4., 5. og 6. juni. Arrangørar er Bud mannskor og Bud damekor. Bud mannskor fylte 100 år i fjor og er det eldste koret i Romsdal. Til dei kora som vil sjå seg ut eit songarstemne sør om fylkesgrensa kan opplysast at det blir stemne i Hyllestad og Atløy 29.-30. mai og i Måløy 5.-6. juni.