Fylkesutvalet vedtok samrøystes støtte til Mork Rehabiliteringssenter. Utvalet uttrykker uro for at både for det generelle helsetilbodet i fylket, og spesielt for det framtidige rehabiliteringstilbodet.

Heile uttalen til Helse Møre og Romsdal:

– Ja til eit heilskapleg spesialisert rehabiliteringstilbod i Møre og Romsdal.

-Ja til eit bærekraftig helsetilbod til innbyggarane i fylket.

Møre og Romsdal fylkeskommune er generelt uroa over helsetilbodet i fylket, grunna stadig knappare rammer. Spesielt er vi uroa over det framtidige rehabiliteringstilbodet til våre innbyggjarar.

I Møre og Romsdal har vi viktige rehabiliteringstilbud på Aure, ved Ålesund sjukehus og Mork i Volda. Desse tilboda er viktige for innbyggjarane i fylket som treng desse tilboda.

Nett no står tilbodet på Mork i fare for å verte lagt ned, og pasientplassane flytta til Ålesund sjukehus. Det vil seie med redusert tal plassar og til ein ukjend totalkostnad. Der pasientane skal gå frå enkeltrom på Mork, til dobbeltrom på Ålesund sjukehus.

Tilbodet ved Mork er unikt i mange samanhengar. Resultata som ein oppnår er synlege i form av pasientar som står fram og lovprisar tilbodet på Mork. I tillegg til god kompetanse hjå dei tilsette er omgjevnadane avgjerande for dei gode resultata. Ro og fred, naturskjønne omgjevnader der ein nyttar naturen i tilbodet, gjev raskare resultat og ein kan dermed hjelpe fleire. Eit godt arbeidsmiljø som har kome til uttrykk gjennom arbeidsmiljøprisar skapar positive resultat og ein attraktiv arbeidsplass. Alt dette er som ringar i vatnet som spreier seg.

Vi håpar det ikkje er de som sit i dagens styre som får skulda av å legge ned dette unike tilbodet og markere ei historisk hending i negativ samanheng. Vi håpar at det ikkje er de som sit i dagens styre som skal rive ned alt det gode som er bygd opp gjennom mange år av alle dei dyktige tilsette, som har, og har hatt sin arbeidsstad ved Mork rehabiliteringssenter.

Det er verdt å merke seg at sjukehuset i Volda nytter seg av kompetansen på Mork i den daglege drifta. Dersom tilbodet på Mork vert lagt ned, må denne kompetansen erstattast av nye stillingar på Volda sjukehus, dersom tilbodet der ikkje skal verte forringa.

Eit stort fagmiljø seier at rehabiliteringstilbodet i fylket vert dårlegare ved ei nedlegging av Mork rehabiliteringssenter. Allereie i dag er det fleire som får rehabilitering andre stadar i landet. Vi fryktar at enno fleire vel å reise ut av fylket for å få eit tilbod og at ventelistene vil auke endå meir her i fylket.

I store delar av helsevesenet slit ein med å rekruttere fagfolk, både i kommunane og staten. På Mork har ein bygd opp framifrå fagkompetanse gjennom mange år. Denne fagkompetansen vil ein misse dersom Mork vert lagt ned. Kun 1–2 personar har sagt det kan vere aktuelt å pendle med ferge til Ålesund. På Mork har ein ikkje hatt problem med å skaffe kvalifisert arbeidskraft.

Fylkesutvalet i Møre og Romsdal merkar seg at stortinget skal handsame eit framlegg om å sikre vidare drift av Mork rehabiliteringssenter, samt ein fleirårig investeringsplan for å ruste opp bygningsmassen der. Fylkesutvalet ber styret i Helse Møre og Romsdal om å støtte dette stortingsframlegget.

Eit vedtak i styret i Helse Møre og Romsdal kan då lyde slik:

1. Styret i HMR ynskjer eit godt rehabiliteringstilbod i fylket. God rehabilitering er også eit nasjonalt mål.  Styret syner til at kvalitet og nivå på rehabilitering påverkar fleire budsjett/andre samfunnsområde enn det Helse Møre og Romsdal rår over. Styret ber difor regjering og storting sjå på heilskapen i samfunnsøkonomien knytt til rehabilitering og sikre finansiering til vidare drift og investeringsmidlar på Mork rehabiliteringssenter. Eit godt rehabiliteringstilbod er avgjerande for samfunnsøkonomien og livskvaliteten til den einskilde.