Onsdag 25. januar har Kreative Søre Sunnmøre møte på Quality Hotel Ulstein.

I tillegg til tid til sosial mingling og utveksling av idear, er der program for kvelden.

Dagleg leiar Irmelin Nordahl og prosjektkoordinator Jørn Lekve i Vestnorsk filmsenter skal snakke om Vestnorsk filmsenter og tiltaket ”Kreative Søre Sunnmøre”.

Direktør Gunvor Ulstein i Ulstein Group skal ta for seg “Innovasjon og kreativitet innan skipsbygging”.

Personalsjef Magne Gurskevik i Kleven Verft og animation director Dave King frå selskapet Rain Dog vil fortelje forsamling om erfaringar frå animasjonsfilmprosjekt ved Kleven Verft, i samarbeid med Høgskulen i Volda.

Informasjonssjef Lene Trude Solheim i Ulstein Group vil ta for seg erfaringar med bruk av film innan informasjon og merkevarebygging av Ulstein Group.

Produsent Steven Pushparajah (og tilsett ved Ulstein Group) bak filmen ”Journey of an eternal soul”, som hadde førpremiere internasjonalt og nasjonalt januar 2012 skal halde føredrag som har fått tittelen ”Derfor valde vi Vestlandet.”