Det var eit trist syn som møtte dei butikktilsette ved Euro-Spar Hareid tidleg onsdag morgon. Regnet om natta hadde fått snøen på det flate taket til å tine, og vatnet rann som det skulle gjennom røra. Men i grunnen var det frost og tele, og vatnet slo opp att i slukar og ut over golvet inne i butikken. Dermed var det berre ein ting å gjere: berge unna det som bergast kunne medan rørleggjarar og pumper vart rekvirerte. Kl. 11.00 kunne dei opne igjen

Det er hengt opp plakat om at butikken er stengt inn til vidare.