Martine Holm er lempis på bilen som her er i sving med å hente dunkar. Foto: Per Eide. Foto: Per Eide

I partallsveker køyrer dei i Hareid og Ulstein, i oddetallsveker står Herøy og Sande for tur. Neste veke er det med andre ord Herøy og Sande som får besøk av renovasjonsbilane.

– Erfaringane frå den første veka er gode. Dei fleste kundane har fått med seg endringane og har sett ut dunken på rett hentedag, det vil vi rose dei for, seier kommunikasjonsansvarleg i SSR, Gunhild Solberg.

Kalender

I SSR har dei har forståing for at det kan opplevast som mykje nytt for dei som har fått endra hentedag, men med tida vil også denne ordninga bli ein vane.

– For å orientere seg er det viktig å lese kalenderen som vi sende ut til alle abonnentane våre, der finn du informasjon om dei nye sonene for bosstøming, ein guide for sortering av avfallet, samt anna praktisk informasjon. Vi har fått mykje positiv tilbakemelding på kalenderen, seier Solberg, som håpar at dei flotte barna blir hengde opp i mange heimar på ytre søre.

Det ligg kalendrar på servicekontoret i kommunen om du endå ikkje har kalender. Husk å setje ut dunken innan kl 07.30 på hentedag, då er du sikra at bosset vert henta. Det er framleis mogleg å melde seg på SMS-varsling, til no er det om lag 170 abonnentar som har nytta seg av tilbodet.

Større dunk

– Førre veke fekk vi mange mailar og telefonar frå kundar som ønskjer seg større dunk for restavfall. Vi oppfordrar sjølvsagt alle til å gjere eit forsøk med den dunken dei har, men treng du større dunk, er det bare å ta kontakt med oss på telefon eller mail. Administrasjonen og sjåførane arbeidar på spreng slik at alle skal få dunkane dei har bestilt. Vi køyrer ut dunkar kontinuerleg, men det er noko ventetid på levering av større dunk. Husk at den gamle dunken må stå tilgjengeleg rundt huset slik at vi kan utføre bytte av dunk, presiserer Solberg.

Engasjerte kundar

SSR har mange engasjerte kundar som er opptatt av utviklinga av selskapet. Det strøymer inn med spørsmål og synspunkt på den nye ordninga. Nokre er fornøgde med ordninga og meiner at selskapet er på rett veg, medan andre er ueinige i endringane.

– Det vil alltid vere ulike meiningar rundt slike endringar, men med tanke på at vi hentar bosset for i underkant av 25.000 innbyggjarar, er delen som klagar veldig liten. Dei som klagar peikar ofte på at dei opplever at dei har fått eit dårlegare tilbod samtidig som dei må betale same pris. Til ei viss grad kan vi forstå at det kan opplevast slik. Samtidig er det SSR sitt ansvar å ha ei ordning som er tilpassa kundane sitt behov, som underbyggjer dei nasjonale måla for avfall, som er framtidsretta og som er forsvarleg når går det gjeld økonomi og miljø. Etter vårt syn tar den nye ordninga omsyn til alt dette, seier Solberg.

Kundeundersøking

I kundeundersøkinga som blei gjennomført i sommar, kom det klart fram at SSR-kundane ønskjer meir kjeldesortering.

– Kundane sitt ønske er i tråd med SSR sine målsettingar og dei nasjonale måla på området. I løpet av 2012 vil SSR tilby ei ordning for heimekompostering. Det er ikkje forsvarleg å lage ordningar for å sortere ut fleire typar avfall og samtidig oppretthalde kapasiteten på ”grønedunken”, seier Solberg.

Det faktum at om lag 85 prosent av kundane ikkje har behov for henting av restavfall kvar veke vog også tungt i vurderinga. SSR sitt standardabonnement skal vere tilrettelagt for det fleirtalet av abonnentane har behov for, dei som treng større dunk kan bestille det.

– Omsynet til miljøet er også eit viktig argument. Det er ikkje forsvarleg å køyre rundt og tøme halvfulle dunkar. Vi ønskjer ikkje å belaste miljøet meir enn det som er nødvendig. SSR arbeider også for å ha ei effektiv drift som på sikt vil kome kundane til gode i form av ei gunstig gebyrutvikling.

– Kundane våre er gode på sortering, og vi oppmodar dei til å fortsette den gode trenden, det vil også gje betre plass i ”grønedunken”. Vi vil igjen takke kundane våre for at den første veka har gått så greitt som den har gjort, og håpar at det går like greitt i Sande og Herøy neste veke, avsluttar Solberg.