Kvart år har Choice-kjeda ei kåring i Stockholm. 2000 leiarar og årets medarbeidarar reiser til Stockholm for å delta på eit arrangement som går over tre dagar. Opphaldet vert toppa med ein bankett, og der skal årets hotell kårast. Innanfor Choice-kjeda er det fem ulike "brand", på norsk: merke. Hotellet i Ulsteinvik høyrer til Quality Hotels som er konferanse- og forretningshotell. Til saman finst det 170 Choice hotell i Norden og Baltikum. 62 av desse er Quality Hotell somhar vore med i konkurransen om å verte kåra til det beste hotellet innanfor gruppa. Etter ein hard konkurranse er det no berre fem nominerte som står att. Eitt av desse er altså Quality Hotel Ulstein. – Vi synest det er veldig bra å ha blitt nominert til denne prisen, fortel hotelldirektør Odd Petter Meinseth. Fleire kriterium Hotella vert vurderte etter fleire kriterium: Driftsresultat, tilbakemeldingar frå kundane, reinhald, vedlikehald og trivsel blant dei tilsette er nokre faktorane. – Hotellbransjen hadde eit tøft år i 2009, og det var mange som hadde dårlege resultat. Vi scora heldigvis veldig bra på driftsresultat, fortel Meinseth. Husøkonomavdelinga ved hotellet scora aller best. Dette inkluderer mellom anna dei som driv med reinhald. Den "mystiske gjesten" som testa hotellet, var også svært fornøgd. – Vi fekk besøk av ein gjest som vurderte hotellet på alle måtar. Vanlegvis bruker vi å merke når vi har ein slik gjest, men det gjorde vi ikkje denne gongen. Difor synest vi det var ekstra stas å verte kåra til best på dette kriteriet, fortel Meinseth. Høge forventningar No konkurrerer dei med fire andre hotell: Tønsberg, Økern, Ålborg i Danmark og Nakka i Sverige. Dette er andre året hotellet i Ulsteinvik er nominert til prisen. – Korleis trur du det går under sjølve kåringa? – Eg har høge forventningar. Vi synest det å verte nominert er ekstremt bra, seier Meinseth. – Kvifor trur du at hotellet er blant dei nominerte? – Først og fremst fordi vi har gjesten i fokus, og det kan vi ha, fordi vi har dyktige tilsette, rosar Meinseth. Han legg til at ingen er feilfrie og at også deira hotell kan gjere feil. – Vi set uansett pris på å få tilbakemeldingar frå gjestene, seier Meinseth. Han trur 2010 vil verte eit godt år for hotellet, sjølv om han er litt meir usikker på seinhausten/vinteren. – Kva kan ein slik pris bety for hotellet? – Først og fremst betyr det heider og ære. Eg trur i alle fall folk vil legge merke til det, seier han. Måndag 25. januar vert vinnaren kåra i Stockholm. – Eg lovar at det vert ei feiring dersom vi går heilt til topps, smiler Meinseth.
Nyhende →
Kan verte beste hotell i kjeda
Quality Hotel Ulstein er nominert til å vinne prisen for beste hotell i kjeda.