I år er det nemleg gitt løyve til å jakte på grågås i dei nemnde områda så tidleg som 26. juli. Ordinær jaktstart er 10. august. Men det er visse avgrensingar på jakta den først perioden. Ho er berre lovleg på innmark som er maskinelt slått og på gjødsla beite som er innegjerda – og i ei randsone på 30 meter. Frå 10. august er det lovleg med ordinær grågåsjakt.