Ei kvinne i Ulstein fann laurdag ein 500 kronersetel utanfor Ulstein rådhus. Kvinna er av det ærlege slaget og ringde politivakta om funnet. Måndag leverte ho han på Ulstein og Hareid lensmannskontor. Håpet er at det ikkje melder seg uærlege folk som påstår at dei har mist setelen.