Forside Levd liv

Nokre bøker er forlaget sine eigne utgjevingar, men stendig fleire vert gitt ut etter initiativ av lokale forfattarar og skribentar.

I tillegg til rein forlagsverksemd, har forlaget spesialisert seg på produksjon av kryssord og rebusar på nynorsk. Ein stor del av omsetjinga kjem frå dette området. Mellom andre leverer Spor kryssord kvar veke til den nynorske vekeavisa ”Dag og Tid”.

Spor Forlag er ein del av kontorfellesskapet Fantastiske Osberget som held til i nye lokaler midt i Ulsteinvik.

Bokutgjevingar i år

”Den vesle grå mannen som hadde gløymt fargane” er ei nydeleg barnebok av herøydama Lillian Øvrelid Berge. Ho har både skrive og teikna boka. Forteljinga er underfundig. Og i tillegg til å vere engasjerande for ungane, har ho noko å seie til den vaksne lesaren om å sjå kvarandre.

Nynorske barnebøker er mangelvare, så dette er ei kjærkoma utgjeving!

”Levd Liv, årsskrift for Ulstein historielag” kjem ut med bok nr. 6 i haust.

Årsskrifta til Ulstein historielag har vorte kjærkomen lesnad for mange. Også i år er det artiklar frå dei fleste bygdelaga og med god spreiing på tidslina. Årsskriftet har fått ros mellom anna for å ha gode personpresentasjonar. Det blir fleire av desse også i år, både av kvinner og menn. Ein har også lagt vinn på å ha både korte og lengre artiklar. Her skulle det vere noko for ein kvar smak.

”Da vi mistet barna, mistet vi fremtiden” er ei hudlaus forteljing, basert på forfattaren, Myrthel Emblem, sine dagboknotatar. Ekteparet Emblem mista begge borna sine, Tonje og Ronny i to ulykker og stod ribba tilbake. Emblem skriv her om kva som skjedde i ulykkene, og om den kampen dei som foreldre hadde etter forliset av ”Bourbon Dolphin”, der Ronny omkom.

”Veltepetter og andre forteljingar” er ei sjarmerande bok med fleire forteljingar og betraktningar av Jens Arne Molvær. Han er kanskje mest kjend som musikar, gjennom mellom anna Ytre Suløens Jass-ensemble. Det er kanskje ikkje mange som veit at han også er ein habil forteljar. Boka eignar seg både å lese aleine og som høgtlesingsbok

”Is, skuter og folk “Isflaket” 10 år”, inneheld eit utval artiklar frå dei første 10 åra med “Isflaket”. Artiklane handlar ikkje først og fremst om skutene, men om folka som var med dei på selfangst, ekspedisjonar og overvintring.

Her kan ein lese at også kvinnene til ei viss grad var med i dette mannsdominerte og farefulle miljøet. Og kvinnene heime - ishavskjerringane - er slett ikkje gløymde, dei som stelte hus og heim medan ektemennene var på ishavet.

Boka spenner over eit tidsrom på 100 år og dekkjer polarområda på begge halvkulene. Ho er rikt illustrert med nærare 200 foto, tekne av dei som var med. Finn Sindre Eliassen, Magnus Sefland og Gunnar Wiik er redaktørar for denne omfattande dokumentasjonen på over 300 sider.

”Leselyst, favorittar frå Møre-Nytt sine julenummer” er ei herleg samling av høgst ulike artiklar nettopp frå Møre-Nytt sine julenummer. Artiklane er rikt illustrerte med til dels strålande bilete. Dette er ei bok som har appell langt utover Møre-Nytt si leseskare. Skjalg Longva har vore redaktør for boka.

Forsidebilete på boka Is, skuter og folk.