Det var sanitetskvinna Norunn Holstad som fekk ideen og var pådrivaren til eit varmebasseng i Hareid kommune. Etter mange års bruk var bassenget nedslite, og i 1999 vart det både renovert og oppgradert til dagens krav. Ingrid Stennes opplyser at bruken av bassenget har tatt seg sterkt opp det siste året, men at der er enkelte ledige timar inn i mellom. Varmebassenget blir brukt av både revmatikarar, familiar med små born og elevar med spesielle behov. Ein time i det varme bassenget gjer godt for alle, reklamerer Stennes i Hareid Sanitet. Ho opplyser at dei til hausten vil prøve å få til eit tilbod om spebarnsbading, men ho understrekar at dette førebels er berre på planleggingsstadiet.