I tilrådinga til formannskapsmøtet komande veke gjer rådmannen unntak for innkjøpsstoppen når det gjeld ferskvare, energi- og kommunikasjonskostnader og andre naudsynte innkjøp som trengs for å sikre forsvarleg drift.

I same sak ber rådmannen at det blir lagt fram ei sak om eventuell samanslåing av skulekrinsar.

Bakgrunnen for tiltaka er eit avvik mellom periodisert budsjett og rekneskap pr. 31. august på 10,6 millionar kroner.

Sjølv om områdeleiarane trur at resultatet ved årsslutt ikkje vil ligge på meir enn 9 millionar kroner i minus, er dette så urovekkande tal at rådmannen set på bremsene. Han ber også om at det blir sett i verk tiltak for å avgrense investeringsbudsjettet for 2001, utover sjølvkost- og utbyggingsområdet.

Skule og omsorg har størst overforbruk

Det er først og fremst skuleverket og omsorgssektoren som står for meirforbruket. Skulen sitt forventa meirforbuk ved årsslutt er på 4,16 mill. kroner, medan omsorgssektoren reknar med å bruke 3,77 mill. kroner meir enn budsjettert. To sektorar har pluss i rekneskapen i år : Barnehagane og kommunalteknisk sektor. I dei andre sektorane er avvika mindre. Men mange bekkar gir ei stor å, som det heiter.

Får dette halde fram, skriv rådmannen, vil Hareid kommune kunne ende opp på Robek-lista igjen, med dei følgjer det måtte få for den kommunale sjølvråderetten.

Nytt forsøk på å legge ned Brandal og Bigset skule?

Då kommunestyret drøfta skulesektoren i siste møte vart det gjort klart at ei nedlegging av Bigset skule og samling av elevane på Hareid skule ville gi milliongevinst for kommunen. Når revidering av skulekrinsgrensene nok ein gong kjem på sakskartet i Hareid, er det grunn til å tru at det først og fremst er Bigsetskulen som vil få fokuset - og kanskje også storskulen i Brandal.

Om drifta av skuleverket i Hareid skriv rådmannen at utfordringane er så store at rekneskapen vil gå med vesentleg meirforbruk i åra framover med dagens skulestruktur, dersom ikkje budsjettramma blir vesentleg styrka. For å oppretthalde skulestrukturen slik han er i dag, må kommunen bruke ein større del av dei frie inntektene til skule enn inntektssystemet gir rom for.

Rådmannen konkluderer derfor med at både administrasjon og politikarar må vise ei betre vilje og evne til reell handling for å korrigere aktivitets- og kostnadsnivået. Kommunen må i sving med nødvendige endringstiltak snarast råd. Utan at viktige ting skjer denne hausten, vil 2011 bli eit tredje år på rad med stort meirforbruk.

Drifta pr. 31. august viser at kommunen sine driftsinntekter har vore på 166, 3 mill. kroner, medan driftsutgiftene har vore på 164,6 mill. kroner. Dette gir i seg sjølv eit overskot på 1,66 mill.

Men oppå dette kjem kommun sine eksterne finansutgifter, som har kome opp i ca 13,1 mill. kroner, med eit visst frådrag for bl. a. “eksterne finans-transaksjonar” på 3,56 mill.