Winsnes er 38 år gamal. Han er født i Molde, men har vakse opp i Ørsta der han budde til han var ferdig med vidaregåande skule i Volda. Han er gift og har to barn på 8 og 5 år. Familien ventar sitt 3. barn til våren. Dei er i dag busett i Bærum. John Arne Winsnes er utdanna siviløkonom frå universitetet i Mannheim, Tyskland, eit godt renommert og kjend utdanning for mange nordmenn. I dette 6-årige studiet har han fordjupa seg i fagområdet bank og finans. Før dette har han 4 års bakgrunn frå Forsvaret med utdanning på Hærens tekniske Fagskole, Elektronikk, og deretter tenestegjort som teknisk offiser. Han har 10 års yrkeserfaring frå finanssektoren både innan bank og næringslivet elles: - Han arbeidde i ABB Financial Services frå 1999 til 2003 både som kredittanalytikar, kundeansvarlig og som dagleg leiar. Mesteparten av desse åra i utlandet. - Frå 2003 til 2005 var han direktør for shipping og transportfinansiering i GE Capital - Frå 2005 har han vore finansdirektør i Aker Yards ASA, no STX Europe ASA Styreleiar Marthe Styve Holte seier seg svært nøgd med tilsetjinga av John Arne Winsnes. Det var mange søkjarar til stillinga og også mange som styret vurderte som kvalifiserte. Styreleiar seier at styret har hatt ein god prosess og ho er særleg nøgd med at prosessen enda med at styret var heilt samstemte i valet av Winsnes. Ho legg vekt på hans gode bakgrunn, nære tilknyting til Søre Sunnmøre og ikkje minst hans personlege eigenskapar. Det vart allereie i stillingsannonsa slått fast at ”Kvalitet på leiarskapet skal vere det mest typiske kjenneteikn for adm. banksjef i Sparebanken Volda Ørsta.” Marthe Styve Holte er trygg på at John Arne Winsnes har dei leiarkvalitetar som skal til og at banken under hans leiing vil halde fram den gode utviklinga banken har hatt gjennom mange år.