Onsdag denne veka starta teknikarar frå KRIPOS og lokalt politi åstadgranskinga i brannruinane i Flusund. Lensmann Per Otto Myklebust i Herøy og Sande opplyser at KRIPOS avslutta den første fasen fredag kveld. – No skal huset sperrast av, slik at det står urørt inntil vidare. KRIPOS har gjort ein del funn som dei skal analysere vidare i laboratoriet, forklarer lensmann Myklebust. Etter nyttår vil KRIPOS vurdere om dei skal dra tilbake for å gjere ytterlegare åstadgranskingar. 20 vitne avhøyrde Lensmannen fortel at dei har avhøyrt rundt 20 vitne som var i huset tidlegare på natta. – Vi vil halde fram med arbeidet framover mot jul. Vi har fått ein del materiale som vi kan jobbe vidare med, seier han. Politiet ber også om at dei som tok bilete eller film, då brannen hadde starta, tek kontakt. – Om slike bilete eller film eksisterer, kan dei vere eit godt hjelpemiddel i det vidare arbeidet for brannteknikarane og etterforskarane, forklarer politioverbetjent Robert Hjelmeseth til Vestlandsnytt.