Det melder NTB. I Ulsteinvik har ein i dag 150 asylplassar, men det er ønskje om å utvide mottaket med ytterlegare 20 plassar. Det er også aktuelt å opprette eit asylmottak med 60 plassar i Fosnavåg. Til saman er det 11 253 plassar på norske asylmottak i dag, og det er langt frå nok. Utlendingsdirektoratet (UDI) har inngått avtale for 1695 nye plassar, men reknar med at endå 4000 trengst før året er omme. Mange av dei nye plassane vil bli oppretta i små distriktskommunar.