Det er Statens Vegvesen som står som byggherre for vegen. Men teknisk sjef Elling Indresøvde i Ulstein kommune seier til Vikebladet Vestposten at han følgjer med dei og masar for å prøve å få framdrift på vegen. Då han var i kontakt med Statens Vegvesen Region Midt tysdag denne veka fekk han informasjon om at grunnforhandlingane til vegen framleis går føre seg. Det ser ut til at Vegvesenet får frivillig avtale med halvparten av grunneigarane, resten må det truleg oreignast grunn ifrå. Er det noko som Ulstein kommune skal vere med å ta stilling til? Nei, dette tek grunnseksjonen i Region Midt seg av. Ulstein kommune kan ikkje gjere meir i denne saka, svarer Indresøvde. Vegvesenet tek truleg ein runde til med grunneigarane med tilbod for å prøve å få i hamn avtalar med dei frivillig. Ulstein kommune har etterlyst ein oppstartsdato for arbeidet med vegen, men det har dei ikkje fått frå Vegvesenet. Vegen er framleis ikkje fullfinansiert. Men det skal ha kome inn nok midlar til å lyse ut arbeidet og kome i gang med prosjektet, meiner Indresøvde. Kva Ulstein kommune skal betale for sin del i vegen er ikkje fastlagt. Det er antyda ein pris på 17,5 millionar kroner, men det er ein estimert pris, opplyser Indresøvde. Ikkje byggjestart før sommaren Richard Lunheim er seksjonssjef i Statens Vegvesen Region Midt. Han kan stadfeste av grunnforhandlingane til vegen framleis ikkje er avslutta. Ikkje uventa vart det grunnforhandlingar når me skal byggje ny veg. Av dei 21 grunneigarane som vert råka av vegen har me fått avtale med 10 av dei. Dei 11 andre vert det truleg utøvd skjønn med, kan Lunheim opplyse om. Kva er tidsplanen for det vidare arbeidet? Me planlegg å avslutte grunnforhandlingane til våren. Så må prosjektet lysast ut på anbod. Såleis er det ikkje realistisk å kome i gang med arbeidet før sommaren, svarer seksjonssjefen. Han forklarer at dei ikkje kan lyse ut prosjektet før avtalane med grunneigarane er i boks. Det kan liggje kostnader knytt til prosjektet inne i avtalane, difor må dei vere på plass først. Er finansieringa av vegen klar? Ja, den 12. desember gjorde Fylkestinget eit vedtak om å bidra med 13 millionar kroner til vegen. Så då må nok Ulstein kommune betale 4,5 millionar kroner.