Hovudtvalet for oppvekst og kultur i Hareid har skulestrukturen på kartet i møtet i dag tysdag 13. mars. Fleirtalet i Hareid kommunestyre har tidlegare vedteke å legge ned dei kommunale restane av Brandal skule, men med det atterhaldet at dei aktuelle elevane frå Brandal ikkje skal overførast til Hareid skule før denne er renovert. Det vil seie ikkje før ved skulestart 2008, tidlegast. Vedtaket har vore ute til høyring før det no suksessivt skal til endeleg handsaming i hovudutvalet, formannskapet og kommunestyret. Då høyringsfristen gjekk ut 1. februar hadde det kome uttalar frå tre skular: Bigset, Hareid og Brandal. Både Bigset og Hareid sluttar seg til kommunestyrevedtaket. Brandal protesterer kraftig både i form av ein uttale frå samarbeidsutvalet og foreldreutvalet. Samarbeidsutvalet kallar høyringa ulovleg og meiner at prosessen er meningslaus og eit spel for galleriet. Foreldreutvalet kjenner seg ikkje tekne på alvor og er sjokkerte over at skulen er vedteken nedlagd før brukarane har kome til orde. Foreldreutvalet meiner det er ei farse å ha høyring etter at kommunestyret har vedteke å legge ned skulen.

Alvorleg av Fylkesmannen

I brevet frå samarbeidsutvalet, som er underskrive av utvalsleiar Dag Audun Eliassen, blir det peikt på at ordføraren skal ha opplyst i kommunestyremøtet 14. desember i fjor at Fylkesmannen skal ha sagt at Hareid kommune som ROBEK-kommune kunne kome til å ligge dårleg an med tanke på å få godkjent låneopptak til "nye Hareid skule" dersom ein ikkje samtidig kunne vise til strukturelle skuleendringar. Dette tyder at Fylkesmannen har lagt føringar i saka. - Vi meiner det er alvorleg at Fylkesmannen, som er instans for eventuelle klager i saka, spelar ei slik rolle, skriv utvalsleiaren, som også peiker på det meiningslause i at brandølingane skal kome med eit høyringsutspel når kommunestyret alt har vedteke nedlegging. - Skal høyring gi meining, kan ikkje utfallet vere bestemt på førehand, hevdar han.

Berre økonomi

Kommunen får også skarp kritikk for at dei økonomiske sidene ved saka har teke nesten all plass i utgreiinga, medan dei samfunnsmessige, pedagogiske og sosiale sidene så vidt er nemnde - "og då berre med udokumentert synsing". Her viser utvalet til at nesten all forskning dokumenterer at små skular er betre enn store.

- Kommunen synsar

Utvalet kritiserer også at kommunen synsar om at foreldra i Brandal etter kvart vil innsjå at skulemiljøet i bygda blir så lite at dei vil meine at det er best med Hared som nærskule. Dette kallar utvalet synsing om foreldra si innstilling - ja, ein antydar at foreldra sjølve vil kome til å arbeide for nedlegging. Dette går ikkje utvalet med på, og avviser at borna har best av å bli flytta til Hareid når elevtalet blir svært lite. Samarbeidsutvalet avsluttar med å uttrykke sterk misnøye med korleis dei folkevalde og administrasjonen har handtert skulesaka i fleire år. Blir nedleggingsvedtaket ståande, er det ei hån mot bygda og eit svært sterkt signal om at folkeviljen ikkje betyr noko.

- Overgrep mot engasjementet i bygda

Foreldreutvalet ved leiar Knut Olav Naustenget kallar nedleggingsvedtaket eit grovt overgrep mot engasjementet i bygda. Foreldreutvalet skriv at dei har ei kjensle av å ikkje bli tekne på alvor, dei er sjokkerte over at skulen er vedteken nedlagd før brukarane har fått kome til orde - og dei meiner at ei høyring på eit tidspunkt då skulen er vedteken nedlagd er ei farse. "Administrasjonen har ikkje teke seg tid til å greie ut saka, men har berre kopiert opp gamle papir frå 2005 då saka sist var oppe", skriv dei. Foreldreutvalet meiner det er mangel på politisk vilje, ikkje på pengar, som gjer at kommunestyret har vedteke full nedlegging i Brandal. * I sakskommentarane frå kommunen heiter det at det knapt er noko sak i Hareid kommune "i moderne tid" der folk generelt og ulike partar har engasjert seg så mykje og så sterkt - og har hatt mulegheiter til å kome med innspel som skulestruktursaka.