For eit og eit halv år sidan kjøpte Aker Yards verftet Kleven Florø. No krev kjøparen 100 millionar kroner frå Kleven Maritime, som selde verftet. Men Kleven har svara med å rette eit krav på 100 mill. kroner til Aker Yards.
Styreleiar Kjersti Kleven i Kleven Maritime ser fram til ein sakleg prosess når saka om prislappen på salet av Kleven Florø til Aker Yards kjem opp i voldgiftsretten neste år.