I tillegg krev Akvanaut Undervannsklubb at betalinga blir auka med 5000 kroner. I eit brev til områdeleiar Oddbjørn Grimstad skriv Morten Stridh i Akvanaut Undervannsklubb at årsaka til at dei har vore motvillige til å halde fram som badevakter, er mangelen på oppfølging av vedlikehald og reparasjonar i symjehallen og rundt anlegget. – Det gjer at heile anlegget framstår som shabby, og det er vi som badevakter som før høyre dette neste kvar einaste dag vi er der, skriv Stridh, som ritar opp i lang liste over manglar ved anlegget.
Fin temperatur i 2009
Han opplyser at temperaturen på badevatnet tidlegare har lege på 26–27 grader, noko som verkar som kaldt. Minste "trivselstemperatur er rekna til 28 grader. – I år har der vore varmt og godt vatn, så det er positivt. Temperaturen er noko av det gjestene er mest nøgde med, men det tek ikkje mange dagane med kaldt vatn før folk klagar, åtvarar Stridh.