Ein lesar synest dette kan vere noko å spinne på for lokalavisa: - Kor djupt er eigentleg det vesle Garnesvatnet nede på Garneset? - Eg har ringt ein del "oppegåande" personar som burde vite det. Eg har ikkje fått svar som eg kan slå meg til ro med. Enkelte hevdar at vatnet er djupare enn Haddalvika, det vil seie hundre meter djupt - og at det siv inn saltvatn gjennom eit hol i botnen. Dette saltvatnet legg seg på botnen av vatnet, medan ferskvatnet ligg øvst. - Eg har spurt miljøvernleiar Alv Ottar Folkestad, som avviser at vatnet kan vere meir enn 2-3 meter djupt. Har han rett? - Så vart det sett ut aure i vatnet i 1964. Der skal no vere aure på eit halvt kilo. Men det kan ikkje vere den auren som vart utsett i -64. Med andre ord må auren ha forplanta seg i vatnet, men det kan då umuleg la seg gjere å gyte i Garnesvatnet, som ikkje har noko elv. Konklusjonen må då vere at der er eit hol, som fisken sym ut gjennom - og som han sjølvsagt også kjem inn att gjennom. - Dette vart mange spekulasjonar, men det er knytt så mange spekulasjonar til Garnesvatnet at lokalavisa no bør på bana og utfordre lesarane, meiner innringaren. Og det gjer vi herved.