SSHU er danna for å få ei betre og meir samordna hjorteviltforvaltning på søre Sunnmøre. Det mest konkrete samarbeidet er vårteljing av hjort. Kommunene som utgjer SSHU og Vanylven kommune har dreve samordna vårteljing på hjort sidan 1995. Vidare har utvalet gjennomført eit stort merkeprosjekt som enno ikkje er avslutta, SSHU har vore pådrivar for bygging av hjorteviltkorridor på E-39 i Furene i Volda som i desse dagar vert realisert. I 2007 er utvalet i gang med eit større beiteprosjekt som skal kartlegge tilstanden på vinterbeiteområda i alle dei seks medlemskommunene. Hjorteviltmøte i Volda vil i år ha to hovedemne. Overjordskiftedomar Magne Reiten frå Frostating overjordskifterett vil ta for seg om Lov og rett i utmark med særleg vekt på jaktrett. Magne Reiten har røynsle frå ei lang rekke allsidige jordskiftesaker, og han har ei eiga god evne til å framstille også vanskeleg stoff på ein lettfatteleg måte. Reiten har mykje å tilføre grunneigarar, jegerar og rettshavarar i spørsmål som om rett til jakt og eigedom. Han tek vidare ein grenseoppgang om når utmarka er sameige eller delt til full eigedom, kven har bruksrett og/eller eigedomsrett ? Når det no er høgst aktuelt å danne større forvaltningsområde for forvaltning og utøving av hjortejakt, vil ikkje minst hans foredrag om organisering og samarbeid vere av stor interesse. Først mp ein satse på frivillig organisering, men denne kan òg organiserast gjennom jordskifteretten. Viltforvaltar Odd Rønningen kjem frå Stryn kommune, han har vore sentral i Merkeprosjekt Nordfjord. Dette er eit større merkeprosjekt på hjort som mest har sin base i dei sentrale kommunene Eid, Stryn og Hornindal. Nordfjordingane var tidleg ute med samordna merkeprosjekt og har brukt mykje ressursar på dette, ikkje minst med radiomerking av hjort. Vi gler oss til å høyre viltforvaltar Odd Rønningen legge fram kva merkeprosjektet har funne ut om hjorten sine vandringar i Nordfjord og lenger enn det. Hjorten vandrar ein god del mellom Nordfjord og Sunnmøre, difor har merkeprosjektet i Nordfjord stor relevans for vårt område på Sunnmøre, seier sekretær for SSHU Roger Nedreklepp til avisa. Det vert elles avsett tid til open post med høve til spørsmål og ytringar i hjorteforvaltninga seier Nedreklepp, som vonar at mange interesserte møter fram til hjorteviltmøte som SSHU arrangerer kvart andre år. Roger Nedreklepp sekr SSHU