Vikebladet Vestposten fekk tysdag morgon tips om at nokon har tømt frå seg eit lass med skrot på parkeringsplassen like ved krysset som fører opp til Fjelle. Lokalavisa tok turen til Eidet for å fotografere elendet. Ein avdanka graskilippar, gamle golvteppe, ein knust støvsugar, plastbøtter, kannar og mykje anna skrot, var synet som møtte oss. Komne nedatt i redaksjonen stod brått to spreke, men ikkje blide herrar i døropninga. Kristian Ertesvåg og Havtor Hofset går ofte tur ilag opp etter Fjellsbrekkene, men tysdag fekk dei seg ein kipp når dei såg skrothaugen på Eidet. Synet som openberra seg gjorde at dei heldt på å køyre i myra. Slikt er frekt, kommenterer Kristian Ertesvåg. Hadde det vore i Singapore hadde gjerningsmennene blitt bura inne, supplerer Havtor Hofset. Begge meiner åtferda kjem inn under miljøkriminalitet. På innhaldet å døme kan det sjå ut til at nokon har rydda ein kjellar eller ein garasje, og tenkt med seg sjølv at dei skal unngå å betale for avfallet. På haugane å døme kan det verke som det er tre lass som er tømt. Viss dei ikkje har råd til å betale, så er det nesten synd på dei, meiner Ertesvåg. Blant skrotet var også ein del papir og konvoluttar, og "Brusdalsvegen i Ålesund" var ei adresse som stod på fleire av dei. Kanskje er dette ei sak for politiet?

Mykje søppel elles også

Dei to ivrige turgåarane meiner det er for mykje søppel som flyt rundt i kommunen elles også. Lastebilane som køyrer frå Saunesmarka til grovavfallsplassen på Hareidseidet, har ofte ikkje presenning over lasten. Resultatet er at plast og anna materiale flyg av og blir liggjande i busker og kratt. Dei har også merka seg at det er nokså mange som nyttar sjansen til å setje frå seg gamle komfyrar, vaskemaskiner og anna skrot på kveldstid utanfor gjerdet til grovavfallsplassen. Truleg gjer dei det for å sleppe å betale, og i håp om at dei tilsette på avfallsplassen skal forbarme seg over det. Første nyttårsdag var Havtor Hofset på tur til Hammarstøylen. Midt på parkeringsplassen stod det plassert ein diger PC. Hofset løfta han opp på eit bord, og der vart han ståande i snødrivet i ei veke. Då tok han å køyrde PC-en til avfallsplassen, der han fekk levert han gratis. Vi druknar snart i søppel, seier Ertesvåg og Hofset, som meiner folk bør ta større ansvar for miljøet.