Akvanaut Undervannsklubb har brukt styrehuset til klubblokale, og i juni 1999 fekk klubben eit mellombels løyve frå kommunen til at styrehuset skulle få stå - i påvente av ny og fullstendig søknad. I søknaden skulle både forholda til parkering, avløp og nabovarsel avklarast. Vedtaket gjekk ut på at styrehuset skulle få stå utan bruksløyve til 31.12. 1999. Men det kom ikkje inn nokon søknad. Styrehuset har sidan den tid stått plassert utan løyve på Sveneset. Nils Yngve Nupen og Anita Sundnes ved teknisk etat var tidlegare i sommar på synfaring i området. Dei konkluderer med at styrehuset tydelegvis ikkje er i bruk lenger, og registrerte at der låg rivingsmateriale lagra rundt om inne i styrehuset, og til dels også utomhus. Dei meiner plasseringa er særs skjemmande i strandsona og for innseglinga til Hareid kommune, og peikar på at plasseringa ikkje er i tråd med gjeldande regulering. Huset er plassert utan gyldig løyve, og er til fare for omgjevnadene. Samtidig som Akvanaut Undervassklubb har blitt varsla om fjerningspålegget, er dei blitt gjort merksame på at det kan bli aktuelt med tvangsmulkt dersom styrehuset ikkje blir fjerna innan fristen går ut.