I 2007 fekk Øvre Saunes Velforening innvilga søknaden om spelemidlar til ballbinge. Ballbingen stod ferdig for halvanna år sidan. I desember 2009 sende fylket brev tilbake til velforeininga. – Vi kan ikkje sjå å ha motteke revidert rekneskap for anlegget, og vi har difor ikkje anna val enn å trekkje inn dei ikkje utbetalte midlane. Mottek vi ikkje revidert rekneskap og kommunal stadfesting om at anlegget er ferdig innan 01.07.2010 vil og allereie utbetale midlar på kroner 170 000 kroner, krevjast tilbakebetalt, skriv kulturdirektør Øivind Schanche i brevet.

Ein formalitet

Vikebladet Vestposten kontakta Geir Hasund i Velforeninga som opplyste at dette er snakk om ein formalitet. Øvre Saunes Velforening må no sende inn det reviderte rekneskapen innan fristen for ikkje å miste spelemidlane.