(illustrasjonsfoto) Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Nav melder om at det er vanleg at arbeidsløysa går ned i april månad. Mai er vanlegvis ein månad der arbeidsløysa går endå meir ned, og med tiltakspakken til verftsnæringa ventar fylkesdirektør Rolf M. Lossius i Nav at arbeidsløysa skal gå ytterlegare ned i fylket.

Det er særleg mellom menn at nedgangen i arbeidsløysa har vore størst.

Om me ser på arbeidsløysa i kommunane på Søre Sunnmøre ser me at Herøy har fått 24 fleire utan arbeid siste månaden. Der er arbeidsløysa no på 2,2 prosent av arbeidsstyrken.

Sande har fått 4 fleire utan arbeid, dei har no ei arbeidsløyse på 2 prosent av arbeidsstyrken. Kommunane Ulstein, Hareid og Vanylven har to færre ledige kvar. I Hareid er arbeidsløysa 4,1 prosent, i Ulstein 1,6 prosent, og i Vanylven er ho på 1,5 prosent.

I Volda er det sju færre utan arbeid, arbeidsløyse på 2,2 prosent. I Ørsta har arbeidsløysa stige med ein person, til 2,7 prosent.