På bakgrunn av NAV sine praksisar rundt permitteringar, har regjeringa på bakgrunn av dette bedt direktoratet om ein rapport.

Avisa Ledelse Ukeavisen fortel i ein artikkel på sin nettstad at rapporten no er motteken og gjort offentleg. Samstundes har direktoratet beslutta å gå gjennom klagesakene etter 1. januar 2012 for å vurdere årsaka til avslaget i sakene.

Dette skal gjerast innan 15. desember i år.

– No får vi ein skikkeleg gjennomgang av sakenepå ny. Det er bra. Og på den måten får vi både sikra at dei somurett har motteke avslag får rett vedtak, og at NAV no får ein heil og rett praksis slik at vi ikkje hamnar i slike situasjonar att, seier arbeidslivspolitisk talsperson AnnetteTrettebergstuen i Ap til NTB.

Trettebergstuen meiner at dette er nokeit eksempel på kor viktig det er for politikarane å lytte tilinnspel frå fagbevegelsen.

– Eg har med bakgrunn i henvendingarfrå LO spurd om NAV har endra praksisen sin for permitteringar.Svaret frå etaten er at det kun dreiar seg om nokre kontor somikkje har handheva regelverket rett, fortel Ap-politikaren.

–Vi kan ikkje ha et system kor kva som helst NAV-kontor som mottek søknadaravgjer om søkjaren får ja eller nei på søknaden sin, avsluttarTrettebergstuen.