Støttegruppa for Hanaa og Mohamed vil rette ein stor takk til alle som har sett pengegåver inn på kontoen deira, 3910 43 89094.
Alle pengane blir brukte til det beste for saka.
– Me kjenner eit behov for å takke for alle gåver som er kome inn til kontoen, gevinstar og all velvilje i høve lotteriet, takkar Atle Hopland.
Kort fortald støttar støttegruppa eit egyptisk ektepar som etter seks år har fått avslag på asylsøknaden sin og må forlate landet. Dei tre borna deira, som bur i fosterheim, får bli i Noreg. Såleis blir familien splitta.
Støttegruppa for Hanaa og Mohamed har no drege i gang eit lotteri for å få inn ekstra midlar. Atle Hopland, kasserar i Støttegruppa, fortel at lotteriet er godkjent av Lotteritilsynet. Dei rapporterer inn til dei kor mykje pengar dei får inn på lotteriet.
Trekninga av lotteriet er 20. desember. Alle vinnarar blir kontakta.