Pinsa betydde full fart for go-kartkøyraren Jonas Moe Sundgot frå Ulsteinvik.

To gull på to dagar

18. mai gjekk 2. runde i Vestlandsmeisterskapen føre seg i Bergen. 80 førarar var fordelt på seks ulike klasser.

Klokka 08.00 starta dagen med obligatoriske treningspass, tidkøyring, innleiande heat og deretter finalar. Moe Sundgot var leiande heile dagen, men blei pusta i nakken av Heine Fonn Skåre frå Førde. Etter premieutdelinga i Bergen, gjekk turen vidare til Førde, der det blei arrangert 3. runde i Vestlandsmeisterskapen 19. mai.

For tredje året på rad kunne Moe Sundgot stå øvst på pallen i Førde. Han henta heim gullet frå finalen i Bergen og Førde, pluss to andreplassar frå første runde på Klepp i Rogaland. Det blir med andre ord vanskeleg for konkurrentane å slå Moe Sundgot samanlagt.

Spennande Norgescup

Moe Sundgot ligg førebels godt an i Norgescupen.

11.–12. mai køyrde han første runde i Norgescupen på heimebane i Ålesund. Han heldt på leiinga heile laurdagen, og kom inn som nummer ein både i første og andre innleiande heat. Sundag blei det arrangert to finalar. Moe Sundgot vann den første runda, men vart fråkøyrd i dei siste rundane av Tobias Nyberg frå Tøgstad Gokartklubb. Moe Sundgot måtte difor nøye seg med ein andreplass.

Moe Sundgot og Nyberg ligg no samanlagt på ein delt førsteplass. Det blir difor spennande å følgje Norgescupen vidare.

For dei som ynskjer å følgje Moe Sundgot, kan dei vitje heimesida www.sundgotracing.com.