Det er no vert innløyst ein opsjon frå den nyleg annonserte kontrakten med Jiangsu Eastern Heavy Industries Co., Ltd. i Kina. Verftet skal bygge tre plattform supplyfartøy (PSV) av typen UT 755 LN, og det er framleis opsjon på eit fjerde fartøy inkludert i kontrakten.

PSV-ane er designa for transport av fast og flytande last til å frå offshore olje- og gassplattformer verda over.

I tillegg til design skal Rolls-Royce levere ein omfattande utstyrspakke inkludert hovudmotorar, akselgeneratorar og tavler frå Bergen, propellar og thrusterar frå Ulsteinvik, automasjon- og kontrollsystem frå Longva samt styremaskin, ror, bulkhandteringsanlegg og dekkmaskineri frå Brattvåg.

Dette siste fartøyet skal leverast i 2014.