(Fosnavåg/Oslo 11.12.2012) Transaksjonane som har blitt gjennomført dei siste dagane,   med salet av  50 prosent i ”Seven Havila” og emisjon og kjøp av AHTS’ane ”Havila Mars” og ”Havila Mercury”, er både samla sett og kvar for seg gode og framtidsretta, uttaler administrerende direktør Njål Sævik i Havila Shipping ASA.

Måndag selde reiarlaget ”Seven Havila” til Subsea 7. Ttransaksjonen gav ein likviditetseffekt på 150 millioner kroner for Havila Shipping.

I dag, tysdag, blei det flagga ein emisjon på 200 millioner kroner til kurs 24 kroner per aksje.

Netto emisjonsproveny vil bli nytta som eigenkapitalandel i utøvinga av tilbakekjøpsopsjonen på dei to ankerhåndteringsfartøya "Havila Mars" og "Havila Mercury" for ein opsjonspris på 793 millioner kroner.  I tillegg til generelle selskapsformål.- Transaksjonane vil styrke likvidiiteten i selskapet og auka  driftsmargin utan at gjeldsgraden aukar,” understrekar administrerende direktør Njål Sævik.