Avisa "Våre vegar" skriv at ein ny risikoanalyse, utført av Direktoratet for Samfunnssikkerhet og beredskap, i samarbeid med Statens vegvesen, konkluderer med at undersjøiske tunnelar er uakseptable brannfeller.
Ved ein brann i ein undersjøisk tunnel kan det i verste fall gå med ti menneskeliv, i følgje risikoanalysen.
- Det er viktig å presisere at dette er eit verstefallscenario som har eit uhyre låg sannsyn, seier sjefsingeniør i styringsstaben i Statens vegvesen, Finn Harald Amundsen, til Våre vegar.
Dei undersjøiske tunnelane på Sunnmøre er Eiksundtunnelen (7765 meter), Ellingsøytunnelen (3520 meter), Valderøytunnelen (4222 meter) og Godøytunnelen (3844 meter).