- Sterke krefter jobbar for å flytte stasjoneringa av redningsskøyta "Idar Ulstein" frå Fosnvåg til Ulsteinvik. Ulstein-gruppa har finansiert den nye redningsskøyta "Idar Ulstein", som etter planen skal erstatte Emmy Dyvi i Fosnavåg. No kan det sjå ut som ulsteinvikarane ikkje nøyer seg med å betale for skøyta, men også vil ha ho stasjonert i Ulsteinvik, skriv avisa Vestlandsnytt.

Lokalavisa for Herøy og Sande skriv også at det under dåpen av RS "Idar Ulstein" førre torsdag frå fleire hald vart "hinta" relativt tydeleg om å flytte stasjoneringa av redningsskøyta frå Fosnavåg til Ulsteinvik.

- Det er det imidlertid fleire som stiller seg kritiske til, også i Redningsselskapet sine eigne rekkjer. Det vil blant anna bli lenger responstid i naudssituasjonar, og drivstoffutgiftene vil auke med lenger reiseveg.

Tilbyr bustad til mannskapet

Vestlandsnytt har fått stadfesta at omstasjoneringa er meir enn berre eit laust forslag, og eit av argumenta som blir brukt for å flytte stasjoneringa av RS "Idar Ulstein" til Ulsteinvik, er tilgangen på bustad for mannskapet, noko ein der skal vere klar til å stille.

Herøy jobbar med ei løysing

Ordførar Arnulf Goksøyr i Herøy har vore orientert om saka ei stund, og han kan opplyse at det blir jobba for å finne ei løysing.

- Vi legg opp til å få på plass ei løysing som blir til det beste for mannskapet. Når det er sagt, forstår eg godt at ulsteinvikarane vil ha redningsskøyta dit. Det er ein flott båt, men han høyrer heime i Fosnavåg, seier Goksøyr.

Ordføraren vil ikkje kome nærare inn på kva slags løysing det er snakk om.

Ordføraren peikar på at det er fiskeflåten i Herøy, og då kanskje spesielt sjarkflåten, som dannar grunnlaget for at ein i det  heile har ei redningsskøyte stasjonert på Ytre Søre.

- Det er no ein gong slik at det er farvatnet utanfor Runde mykje av fisket foregår, og då er responstida svært viktig. Derfor er det mest naturleg at redningsskøyta blir stasjonert her, seier Goksøyr til Vestlandsnytt.

Kva meiner du? Sei di meining om kvar RS "Idar Ulstein" bør ligge på vår Facebook-side.