Strandsona på Ytre Hareid, frå Alvestadkaia og ut over mot Øyehol brygge har endra seg kraftig i det siste. Nokre naust er rivne, og det som står att står no langt inn på land.

Konstituert kommunalsjef Kay Rune Bjørke opplyser at denne utfyllinga er i tråd med gjeldande kommuneplan.

– Det er private aktørar som fyller ut. Dei har søkt om å få føre opp naust- og rorbuer i den nye sjøkanten. Tanken er å bruke området til fritid/rekreasjon. Men Kommuneplanen er no i prosess, og vi har bede dei om å vente med privat regulering av området inn til den nye Kommunenplanen er vedteken i løpet av hausten.

Gjeldande kommuneplan tillèt ikkje oppføring av rorbuer i dette området. Men Bjørke opplyser at dei private aktørane har fått løyve til å fylle ut i mellomtida.

Også ved Hareid Godsterminal og Dimo, i retning mot Fløbuda er det gjennomført store utfyllingar i sjøen. Dette området er regulert til utviding av terminalen og næring. Dei to utfyllingsområda blir no skilt av ein kanal ved Fløbuda.

– Vi har registrert at det har skjedd ei nokså stor utfylling i dette området i det siste, og vi kjem til å følgje med at denne utfyllinga ikkje blir for omfattande, kommenterer Bjørke.

Han kjenner ikkje til kvar fyllmassen kjem frå, men dei som står bak dei to prosjekta ytra ønskje om å få fylle ut, fordi dei no hadde tilgang på fyllmasse.

Eit område som ligg mellom Øyehol Brygge og det planlagde naust- rorbuområdet, vart fylt opp for vel eit år sidan. Denne utfyllinga er det Tore Øyehol som står bak. Han er ikkje med på rorbuplanane til dei andre nausteigarane, men vil utvikle området sjølv. Bjørke kjenne ikkje til kva planar han har.