Aina Øyehaug Opsvik har takka ja til stillinga som leiar for den interkommunale barnevernstenesta. Frå 1. januar 2018 tar ho over etter Brynhild Solvang, som skal gå av med pensjon ved nyttår.

Den interkommunale barnevernttenesta omfattar kommunane Hareid, Hornindal, Ulstein, Volda og Ørsta, med Volda som vertskommune.

Seks søkjarar

Det kom inn seks søknader til stillinga som ny barnevernsleiar. Etter intervjurunde i midten av september, fekk Aina Øyehaug Opsvik tilbod om stillinga.

Opsvik er 53 år, utdanna barnevernspedagog med tilleggsutdanning i mellom anna barnevernsleiing, og har lang praksis både som barnevernskurator og leiar i barnevernet.

I dag arbeider Opsvik som fagteamleiar ved det interkommunale barnevernet i Volda.