Finansminister Siv Jensen, innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug og landbruks- og matminister Jon Georg Dale var alle på plass i Ulsteinvik fredag. På Quality Hotel Ulstein møtte dei næringslivsleiarar frå ulike verksemder i Ulstein, Hareid og Herøy, og fekk innspel om korleis regjeringa bør leggje opp næringslivspolitikken om dei framleis sit med makta etter stortingsvalet i haust. Mellom næringslivsleiarane dei møtte var Gunvor Ulstein, konsernsjef i Ulstein Group, Njål Sævik, administrerande direktør i Havila Shipping, Håvard Ulstein, administrerande direktør i Island Offshore og Kjersti Kleven, styreleiar i Kleven.

- Regionen er framleis inne i ein tøff periode, men dei vi har prata med ser optimistisk på framtida. For Ulstein, Herøy og nabokommunene er ein heilt avhengig av å ha sterke verksemder, som har arbeidsplassar til lokalbefolkinga, sa Sylvi Listhaug til dei frammøtte på kaia ved Quality Hotel Ulstein.

- Forstår ikkje Vestlandet

Ho kom også med eit aldri så lite stikk til ein av sine politiske motstandarar, Arbeidarparti-leiar og statsministerkandidat Jonas Gahr Støre.

- Det å auke skattane, som Arbeidarpartiet vil, vil bidra negativt for desse lokalsamfunna. Det vil flytte meir pengar frå distrikts-Norge og inn til Oslo. Det er ikkje løysinga i ei tid der mange verksemder slit. Difor meiner vi at Jonas Gahr Støre og Arbeidarpartiet ikkje forstår Vestlandet, og behova som er her, seier Listhaug.

Siv Jensen peika så bort mot skipa som ligg i opplag i Ulsteinvik.

- Desse pengane som bedriftseigarar framleis betalar formuesskatt på, er kapital som heller burde vore sett inn igjen i verksemdene, for å kanskje kunne unngå slikt som dette i framtida. Det er ikkje pengebingane til dei rikaste eller feite bankkontorar dette handlar om, det er midlar som er investert i skip, riggar, maskiner. Desse midlane kan ikkje takast ut. Klarer vi å få på plass enno betre vilkår for næringslivet, vil det også bli meir konkurransedyktig og ein vil kunne skape meir arbeidsplassar på sikt, seier Siv Jensen.

- Må ikkje flyge pengane til Oslo

Dalsfjordingen Jon Georg Dale fortel at leiarane for næringslivet i Ulstein, Herøy, Hareid og omegn fortel dei to ting.

- Det eine er at dei ønskjer å behalde pengane dei i dag må nytte på å betale formuesskatten, for å kunne utvikle arbeidsplassar, trygge verksemda. Det andre er at dei ønskjer at ein framleis satsar tungt på samferdsel. Å flyge desse pengane til Oslo og bruke dei på kollektivtrafikken der nede løyser ingen av utfordringane på Sunnmøre, seier Dale og legg til:

- Det er ikkje meir skatt vi treng i Norge, det er mindre.

Må møte næringslivet

Siv Jensen fekk så spørsmålet om kvifor Framstegspartiet og Høgre har vore så mykje på Søre Sunnmøre dei siste åra, også i regjeringsposisjon.

- Ein blir ikkje ekspert på kva næringslivet treng om ein ikkje reiser til dei og høyrer kva som skjer, seier Jensen.

- Framstegspartiet har ikkje vore i regjering før no. Om det er ein ting vi hugsar, så er det kvar vi kjem frå. Vi har gjort det sterkt her i regionen, fordi vi har lytta til folket. Ikkje berre næringslivsleiarane, men også arbeidarane. Vi ønskjer å ta pulsen på det som skjer, seier Jon Georg Dale.

- Korleis i alle dagar skulle vi klart å innrette finanspolitikken om vi ikkje hadde prata med dei det faktisk gjeld.

- Som å starte 40 meter bak konkurrentane

Formuesskatten er éin ting, men på spørsmål frå Vikebladet Vestposten om kvifor utanlandske bedrifter betalar så lite skatt samanlikna med norske verksemder, seier finansminister Siv Jensen dette:

- Det er nettopp dette som illustrerer problemet best. Eg trekk gjerne ein paralell til Karsten Warholm og friidretten. Om han hadde starta 40 meter bak konkurrentane, hadde han då blitt verdsmeister? Det kan eg garantere at han ikkje hadde blitt. Det blir slik i næringslivet også. I dag er det ein ufordelaktig skattepolitikk, der norske verksemder betalar formuesskatt, medan utanlandske bedrifter ikkje betalar noko. Dette skal vi gjere noko med, men då må vi vinne valet til hausten, seier Siv Jensen.