Grøda det er snakk om er kassava, ei svært næringsrik grønsak som det vert dyrka mykje av i tropiske strøk. Men dette dyrkingsprosjektet er berre eit førebels trinn i eit utviklingsarbeid som starta for 16 år sidan.

Gjennom Benin – Norge-stiftinga har Agnar Dag Ulstein og dei andre i den vesle organisasjon fått sett i gang to skular, bygd ei rekkje brønnar og kjøpt opp land som kan nyttast til å dyrke mat, alt ved hjelp av gåver og eigne midlar.

Haugianisme

– Arbeidet vert drive ut ifrå haugianske prinsipp der kristen tru og arbeid er viktige element, seier Agnar Dag Ulstein som fortel at utviklingsprosjektet har fleire trinn.

– Det første trinnet var å formidle den kristne bodskapen. Mange av innbyggjarane i Benin, særleg i dei avsides liggande områda der vi har bygd den eine skulen, har drive med voodoo og avgudsdyrking.

Trinn nummer to er å bygge skular. Skulegang er nøkkelen til å frigjere folk frå kunnskapsløyse. Det tredje trinnet er å syte for reint vatn og samstundes la dei unge jentene sleppe å gå den lange vegen for å hente vatn slik at dei kan gå på skulen i staden, fortel Ulstein som i samband med 75-årsdagen for nokre år sidan ynskte seg pengar til ein brønn i Benin. Fødselsdagsgåvene rakk til ikkje mindre enn åtte brønnar.

Jordbruk

Det fjerde og førebels siste trinnet er å syte for åkerland slik at folk kan lære seg å dyrke mat.

– I fjor kjøpte vi opp 250 mål som skal nyttast til å drive jordbruk. Prisen var 100 kroner for to mål, fortel Ulstein som sjølv har gjesta Benin tre gonger. Reisene har han, til liks med dei andre i stiftinga, betalt frå eiga lomme. Det er ytterst lite som årleg går med til admininstrasjonskostnader.

– Målet er å utvikle jordbruksprosjektet slik at innbyggjarane i området vert dyktige på å drive jordbruk og kan utvide til dyrking av fleire vekstar, seier Agnar Dag Ulstein som i desse dagar er i ferd med å legge ut innbetalingsgiroar i postkassene i Hareid og Ulstein, slik at dei som ønskjer det kan vere med på å støtte arbeidet dei driv i Benin.

– Eg har skrive på kvar einaste giro for hand, «Med beste helsing Agnar Dag Ulstein». Eg greier å signere 120 i timen, så det går med litt tid, smiler han.