Besøket, som blir organisert gjennom Rotaryklubbane i Hareid, Ulstein og Herøy, har gjort at 10 ungdommar frå 10 ulike land har fått ei oppleving dei seint vil gløyme.

Etter ei veke først på Austlandet, gjekk turen mot Sunnmøre i nordvest. Sidan i førre veke har dei 10 ungdommane frå høvesvis Slovakia, Tyrkia, Storbritannia, Kroatia, Ungarn, Tsjekkia, Taiwan, India, Russland og Israel fått sett seg rundt. Dagfinn Olav Bye i Ulstein Rotaryklubb fortel at ungdommane er i Norge grunna ein sommarcamp i regi av Rotary internasjonalt. Reisene til kvar enkelt av ungdommane er organisert gjennom Rotaryklubben i deira heimby. Einaste kravet har vore at maksimumsalderen er 23 år.

– Her er det fem jenter og fem gutar som får oppleve noko av det beste vi har å by på her på Sunnmøre, seier Bye smilande og legg til:

– Så har dei ein svært høg høflegheitfaktor også, noko som er veldig kjekt.

To dagar i kvar kommune

Ungdommane kom førre fredag, og dei har fått vere to dagar i kvar av kommunane.

– Dei fekk oppleve Trebaatfestivalen, ein tur på Osnessanden, og ein tur til Ulstein Verft her i Ulstein. På Hareid var dei innom Jets og fleire andre verksemder, før dei hadde ein hyggeleg middag på Ishavsmuseet tysdag kveld. Så har dei også fått oppleve Runde med fuglefjellet og mykje anna, seier Bye.

- Mektige inntrykk

Kristián Lux og Leona Awoyele frå høvesvis Slovakia og Storbritannia storkosa seg på Sunnmøre.

– Det er fantastisk her. Dette har vore ei veldig fin reise, seier dei.

– Eg har berre sett Norge på bildesøk på nettet før, men å sjå det på ekte var noko heilt anna. Det er mektige inntrykk for meg som kjem frå ein liten by i England, Peterborough, der det er ganske flatt og keisamt. Fjella her er heilt utruleg vakre, seier Leona.

Kristián kjem frå Slovakia sin nest største by, Košice, aust i landet. Han fortel at han har hatt lyst til å reise til Norge lenge.

- Det er godt å endeleg ha vore her. Det som har gjort mest inntrykk på meg er folka. Venlege og opne. Og så Sunnmøre då, for eit område! Hit kjem vi gjerne igjen, seier han.