Arbeidsmiljøutvalet i Ulstein kommune har kome med innspel til økonomiplanen 2017-2020.
Dei er glade for at det er sett av pengar til ny brannstasjon, det er viktig at det blir fullført i samsvar med pålegg frå Arbeidstilsynet og plan frå teknisk etat.
Vidare viser dei til rapportering om vald og trugslar i omsorgsetaten. Det er sett av omfattande tiltak for å førebyggje og handtere slike situasjonar. Men i tillegg til praktiske tiltak, er det naudsynt med god kompetanse og tilstrekeleg bemanning for at dei tilsette skal kjenne seg trygge.
- Arbeidsmiljøutvalet er uroa over bemanningssituasjonen i avdeling som arbeider med tunge brukarar. Tiltak 2.1.18 i tiltaksheftet er eitt av tiltaka som er naudsynt for å sikre gode tenester og forsvarleg arbeidsmiljø for tilsette, skriv Gunn Hofset (leiar i AMU) og Kari Riise (personalleiar).
Tiltaket dei viser til er etablering av ein ny omsorgsbase som må bemannast med nye stillingar. Det er snakk om nattevaktstillingar (200%) og stillingar for ny brukar frå 1. juni (275 %). Dette er kostnadsrekna til 1,6 millionar i 2017. Ulstein kommune vil få refusert 80 prosent av kostnadene, men må altså betale delar av summen sjølv.