Ho kjem frå ei stilling som kyrkjelydssekretær i Ulstein sokn, og tek til i stillinga på Hareid i desember. Det skriv Hareid sokn på sine nettsider.

- Bente har lang fartstid som koordinator i Ulstein-konsernet, og kjem med verdifull kompetanse på kommunikasjon, merkevarebygging og strategiarbeid. No gler ho seg til å ta til i stillinga på Hareid, og til å vere med å bygge merkevaren «Hareid sokn» i framtida. Vi  er svært glade over å få Bente med på laget, og ynskjer ho hjarteleg velkomen, skriv soknet vidare.

Noverande kyrkjeverje, Jan Erik Hovland, går til kyrkjeverjestillinga i Sula sokn.