I ei sak 28. januar 2016 vedtok Hareid kommunestyre etter framlegg frå Kjartan Grimstad (FrP) å be SSR omformulere seg når det galdt forskrifta sine krav til vegstandard der dei henta boss.

No har forskrifta kome tilbake til ny godkjenning, utan at SSR har følgt opp dette endringsframlegget.

- Det må vere slik at renovasjonsbilane er tilpassa vegane, ikkje omvendt, gjentok Kjartan Grimstad.

Han ville derfor sende saka atter ein gong tilbake til SSR.

Annika Brandal (V) peikte på at SSR sine bilar eigentleg var for tunge til å køyre rundt Snipsøyrvatnet. Slik forskrifta stod, kunne SSR derfor nekte å køyre der om ikkje vegen vart oppklassifisert. Og køyrer dei, risikerer dei å få ei nauta stor bot.

Ho visste elles at det var på gang å kjøpe ein bil til.

Jens Peder Brandal (FrP) nytta høvet til å be om at Kvitnesvegen vart nedklassifisert frå 10 til 6 tonns akseltrykk, minimum.

Kjetil Nesset (Folkelista) meinte det måtte vere SSR sitt ansvar å forhalde seg til dei akseltrykk-krava som var.

Andres Riise (H) fann det å vere eit betimeleg spørsmål: - Er SSR til for abonnentane i Hareid eller  omvendt?

Det enda likevel med at Grimstad trekte tilbakesendingsframlegget sitt. Deretter vedtok kommunestyret samrøystes å godkjenne forskriftene, men bad om at selskapet fekk på plass den ordlyden Kjartan Grimstad og kommunestyret bad om, slik at denne kunne bli vedteken av alle før utgangen av 2017.